VI SØKJER NO ETTER NY DYKTIG SJÅFØR!
På grunn av aukande oppdragsmengde og utviding av bilparken, vurderer me å tilsetja ny sjåfør.
For rette kandidaten kan me tilby fast bil med variert køyring.
Mange kjenner dei kvite og raude Jan Mo bilane etter vegane og om du sit på kompetansen vi jaktar etter, kan du vera vår neste sjåfør.
Vi leitar etter langtransportsjåfør innan forskjellige typar trafikk, men i hovedsak på brakkevogntog.
Ein må pårekna overnatting i bil i vekene.
Vi ønskjer helst at våre sjåførar skal høyre til i vårt område eller ønskjer å flytte her til, for ein god og stabil sjåførjobb.
Vi ønskjer å ligge i tet når det gjeld godt utstyr og betingelsar for våre tilsette, og høyrer gjerne frå deg, om du er på jakt etter jobb.
Du må helst ha tidlegare erfaring i faget og gjerne ha kranførarbevis, men fylgjande krav er gjeldande:
– Gyldig CE-sertifikat
– Gyldig Sjåførkort
– Gyldig YSK-utdanning
– Truckførarbevis
– Gode norskkunnskapar
Me kan tilby:
– nytt utstyr
– konkurransedyktige vilkår
– variert kvardag
Enkel søknad med informasjon om deg og kva du har gjort tidlegare kan sendast til firmapost@janmo.no, og om du treng meir informasjon på førehand kan du ta kontakt med oss på 56 55 59 22.
Du finn og litt meir informasjon om oss på nettsida vår www.janmo.no.
Søknadsfrist:
Eventuell tilsetjing vil skje fortløpande.
*** Del gjerne vidare dette innlegget til dei rette personane! ***