Containerutleige og avfallshandtering

10 m³ container – levert med kranbil.

Krokcontainer – vert sett rett bak bilen.

Jan Mo AS leverer containarar i heile Hardangerområdet inkludert Øystese, Norheimsund, Ålvik, Tørvikbygd, Kvamskogen,  Jondal, Strandebarm.
Alt vårt avfall vert levert til godkjende mottak.

Privatkundar
Skal du rydde i garasjen, i stova, ute i tunet eller på loftet?
Då vil ein container frå Jan Mo AS vera til god hjelp. Me kan levera containarar i ulike storleikar.
Me kjem til avtalt tid med containar. Nokre containarar set me av bilen bak, nokre kan me heisa og setja til dømes over ein mur / hekk.
Du fyller avfallet i containeren. Hugs at elektrisk avfall og farleg avfall ikkje skal i containeren. Vipps ferdig – du ringer 56 55 59 22 og me hentar container att.

Me gjer merksam på at me kan ikkje ta imot farleg avfall frå privatkundar. har du slik avfall kan du levera dette på næraste gjenvinningstasjon.

Næringskundar
Anten du treng container for lang eller kort tid kan me hjelpa deg. Ta kontakt så finn me ei løysing!
Me kan tøma til oppsette dagar, eller de tek kontakt når det nærmar seg tøming av containeren.

Har du byggje eller riveprosjekt har me god kapasitet på containere og kan stille med ynskeleg antal.

Har de farleg avfall kan me vera hjelpsame med deklarering og kontakt med aktuelle mottak. Sjå og www.avfallsdeklarering.no for meir informasjon.

Containerstorleikar:

10 m³ container open
Cirkamål L x B x H = 3,5 x 2 x 1,5

10 m³ container lukka
Cirkamål L x B x H = 3,5 x 2 x 2

22 m³ container open
Cirkamål L x B x H = 6 x 2,5 x 1,6
Dørar / opning bak

35 m³ container open
Cirkamål L x B x H = 6 x 2,5 x 2,8
Dørar / opning bak

35 m³ container lukka
Cirkamål L x B x H = 6 x 2,5 x 2,8
Dørar / opning bak
Ståltak.

41 m³ container open
Cirkamål L x B x H = 7 x 2,5 x 2,8
Dørar / opning bak

Dette er generelle mål, kan vera avvik etter type / produsent container. Har og andre typar container (store med lok, sideopning osv.). Ta kontakt om du treng andre typar container.

Restavfall / næringsavfall

Avfall vert levert godkjente gjenvinningsanlegg.

Restavfall skal ikkje innehalda:
Alle typar farleg avfall
Elektriske gjenstandar
Matavfall
Gips
Isolasjon
Dekk
Vindu produsert mellom 1965 og 2005
Golvbelegg som inneheld ftalater
Massar (jord, stein, betong, tegl)
Flytande avfall
Ureinar massar

Husk at mykje byggeavfall kan vera farleg avfall, og skal handterast deretter. Ta kontakt for meir informasjon.

Blanda trevirke
Kva kan sorterast som trevirke:
Reint trevirke
Pallar
Malt trevirke
Sponplater
Limtre
Spiker, beslag, o.l kan fylgja med treverket

Treverk skal ikkje innehalda:
Impregnert trevirke
Kebony og royalimpregnert trevirke
Greiner, kvister og trestammer
Gips
Metall
Siporex
Asfalterte plater

Metall
Aluminium
Stål
Jern
Kopar
Tomme og tørre malingsboksar
Rustfrie og syrefaste material

Produkt der hovudbestanddelen er metall.

Gips
Gips skal vera tørr.
Gips belagt med fliser skal ikkje vera med.

Andre fraksjonar
Ta kontakt for informasjon om fleire fraksjonar og kva desse kan innehalda.

Dette kan vera fraksjonar som:
Betong med armering
Lett ureina massar
Papp, papir
Plast
Ureina massar
Reine massar