Jan Mo AS vart etablert i 1966 som eit enkeltmannsføretak, og har utvikla seg til å verta eit firma med 17 tilsette. Arbeidsområdet vårt er for det meste Hordaland med Bergen. I tillegg har me rett som det er bilar rundt om i Sør-Noreg.
Til høgre ser du den fyrste bilen som var i firmaet, dette var på sommaren i 1966. Etter kvart som åra har gått har me utvikla oss til å verta eit transportfirma som kan tilby dei fleste tenester innan transport. Bilane har spesialutstyr til transport av båtar, brakker og containerar samt tipphengarar for levering av singel og grus.
Firmaet er lokalisert på Mo i Øystese, her har me kontor og verkstad. I tillegg har me lager for singel og sand på Evjo i Øystese.
Medlem av K-HMS «Kvalitet og Miljø på vei»
Jan Mo AS er støttespelar til fleire lokale lag/foreiningar og lokale talent.
Me er tilhengjar av lokalt aktivitetsarbeid og støttar difor mellom anna:
Sjusete skisenter www.sjusete.com
Hardanger skyttarlag https://www.dfs.no/hardanger
Øystese fotballklubb www.oystesefotball.no
Jondal idrettslag http://www.jondalidrettslag.com
Hanna Børve – skiskyttartalent frå Øystese https://skiskyting.no/kontaktperson/hanna-borve/
Ålvik idrettslag https://www.kvam.no/Organisasjon/OrganisasjonVis.aspx?OrganisasjonId=28&MId1=576
Bygdalarm www.bygdalarm.no
Siderfestivalen Øystese www.siderfestival.no
Ei rekkje andre lag og organisasjonar med basarvinstar og mindre pengestønad.
Hugs: handlar du lokalt går det kroner tilbake til lokalt aktivitetstilbod!