Jan Mo AS vart etablert i 1966 som eit einmannsføretak, og har utvikla seg til å verta eit firma med over 20 årsverk.
Arbeidsområdet vårt er for det meste Hordaland med Bergen. I tillegg har me rett som det er bilar rundt om i Sør-Noreg.

Til høgre ser du den fyrste bilen som var i firmaet, dette var på sommaren i 1966. Etter kvart som åra har gått har me utvikla oss til å verta eit transportfirma som kan tilby dei fleste tenester innan transport. Bilane har spesialutstyr til transport av båtar, brakker og containerar samt tipphengarar for levering av singel og grus.

Firmaet var lokalisert på Mo i Øystese, men flytta i 2023 til Sandvenhagen Norheimsund.

Våre tilsette har mange års erfaring, og me er klare for å løyse ditt transportbehov. Ta gjerne kontakt med oss.

    Medlem av K-HMS «Kvalitet og Miljø på vei»