Singel og sand

Jan Mo AS har eit stort utval med ulike fraksjonar av singel, sand , grus og jord på lager til ei kvar tid. Les meir om dei ulike fraksjonane lenger nede på denne sida.
Varer me ikkje har på lager, skaffar me innan kort tid.

Leveringsalternativ

  • Tippbil (tippa eller strødd direkte på veg)
  • Kranbil med grabb.
  • I storsekk.
  • Du hentar sjølv på vårt lager.
  • Gunstige prisar ved større mengder (>200 tonn) levert direkte frå båt.

Om du ynskjer spesielle fargar eller fraksjonar ta kontakt med oss. Me har eit vidt kontaktnett på levering av ulike fraksjonar og variantar.

Eit utval fraksjonar

Grus 0-16 / 0-32 T1
Singel 2-5 mm / 4-8 mm / 8-16 mm / 16-32 mm
Pukk 32-64 mm / 20-120 mm
Kvartsgrus / «Ålvikagrus»
Sikta jord
Skjelsand
Knust asfalt / fresemassar
Sprengstein, murstein, fyllmassar
Kvit singel

Sjå meir info om kvar fraksjon nedanfor.

Har du spørsmål om fraksjonar, eller ynskjer andre typar ? Ta kontakt, me skal prøva å skaffa dette og!

Fin sand til fylling rundt kablar.
På lager til ei kvar tid.

Grus med finstoff som gjer at grusen pakkar seg godt.
På lager til ei kvar tid på vårt masselager.

Grus med grovare steinstørrelse.
På lager til ei kvar tid på vårt masselager.

Fin singel.
Godt eigna til strøing vinterstid.
Underlag ved legging av heller.
På lager til ei kvar tid.

Ofte brukt i tun og hagar. Finare størrelse enn 8-16 mm.

Singel med stort bruksområde, kan fylla mang bruksområder.
Påfyllingsmasse rundt røyr, underlag før betong, bakfyll, osv.
På lager til ei kvar tid.

Grovare singel, bakfyll murar, oppfylling osv.
På lager til ei kvar tid.

Grovare singel, bakfyll murar, oppfylling osv.
På lager til ei kvar tid.

Bakfyll murar, oppfylling veg / massar osb.
På lager til ei kvar tid.

Populært til bruk i hagar og tun.
Singel med lys / kvit farge.
Me har på lager i storsekk, større mengder skaffar me kjapt.
Fraksjonar mellom anna 5-8 mm, 8-11 mm, 0-16 og 16-32 mm.

Brukt som jordforbetring på bakkar.
Også levert i fjører brukt som badestrand.
Årlege laster på våren i Kvam og Jondal med direktelevering frå båt.
Stort sett på lager.

Godt eigna til plenjord.
Jord tilsett naturleg gjødsel, skjelsand.
Køyrt gjennom sikteverk, men kan innehalda små steinar.
På lager til ei kvar tid.

Asfalt som er frest opp eller knust. Ypperleg til utbetring av vegar.
Legg du den ut i varmt vér og tromlar den etterpå får du ein godt sett masse som ligg godt i hellingar osv.

Grus med finstoff. Raudleg / lys farge.

Spreng stein i ulik storleik. Kan innehalde finstoff.
Ein rimelegare erstatning til grovpukk, der ein ikkje treng nytte grovpukk eller ein skal fylle mykje.

Me kan skaffe murstein gjennom våre samarbeidspartnarar.
Ta kontakt.