Transport

Me tilbyr transport både lokalt og over lengre distansar. Våre dyktige sjåførar fraktar dine varer trygt fram.

Lokaltransport
Me har fleire lastebilar som er i nærområdet kvar dag, slik at me som oftast kan tilby kort responstid.
Hastar det veldig, finn me som oftast ei løysing!

Regionaltransport
Har du transportbehov i Hardanger eller Bergensregionen?
Det er ikkje lenge mellom kvar gong me er i området ditt. Fleire gongar i veka har me mellom anna transport til / frå Bergen, noko som gjer at me kan tilby gunstige løysingar for returtransport frå Bergen. Me kan tilby mellom anna direkte utkøyring med kranbil.

Langtransport
Noreg er eit vidstrakt land og me har eit par bilar som køyrer mykje langtransport. I områder der me ikkje har bilar innan kort tid, kan me tilby gunstige løysingar saman med våre samarbeidspartnarar.

Ta gjerne kontakt med oss så kan me finna ei løysing!